Nytt av året er at Final skal vere med å skipe til vårens store hending ved Institutt for nordistikk og litteraturvitenskap: Prix de Gengangere med riss-slipp!
Då samlast tilsette og studentar ved INL for å markere at nok eit studieår har kome til ende. Me stemmer fram årets forelesarar og gruppeleiar, og kven som er mest sexy ved instituttet. I tillegg har tidsskriftet riss slippfest. Final bidreg med ein forrykande quiz. Hendinga går føre seg på Familien, måndag 30. april frå klokka 19.00.
Alle med INL-tilknytting er velkomne!
mandag 26. mars 2012
fredag 9. mars 2012
Fagkveld 20. mars
Då er alt klart for språkleg fagkveld 20. mars! Temaet er språkleg integrering. Brit Mæhlum skal snakke om samisk i møte med norsk under tittelen "Samisk identitet i det seinmoderne samfunn. Fra stigma til stolthet - og så tilbake igjen?" og Rikke van Ommeren skal snakke om dialektbruk hjå innvandrarar på Oppdal under tittelen "Ja, jæi la an på å tålå oppdaling, ja. Om språklig integrering på bygda".
Det heile går av stabelen på Krem Kaffebar, Krambugata 3, klokka 19.00. Alle språk og litteraturinteresserte er hjarteleg velkomne!
Det heile går av stabelen på Krem Kaffebar, Krambugata 3, klokka 19.00. Alle språk og litteraturinteresserte er hjarteleg velkomne!
Abonner på:
Kommentarer (Atom)
