Bli med i FINAL!


Vi i Fagutvalet for nordisk og allmenn litteraturvitskap (FINAL) søkjer nye medlemmar som vil vere med å lage eit betre fagleg og sosialt miljø på instituttet. Arbeidet vårt går i all hovudsak ut på å arrangere faglege tilstellingar, deriblant karrieredag og såkalla fagkveldar, for å betre samhaldet på instituttet. Karrieredagen steller vi i stand tidleg i vårsemesteret kvart år, og målet med dagen er naturleg nok å orientere studentar om kva for karrierar dei er kvalifiserte for etter at dei er ferdige med utdanninga si. Brorparten av arbeidet går likevel med til fagkveldane, som er arrangement der vi inviterer føredragshaldarar til å prate om språklege og/eller litterære tema i ein sosial, populærvitskapleg setting, kor både tilsette og studentar deltek. Dermed fungerer vi som eit bindeledd mellom studentane og dei tilsette.

Vi refererer til "Om FINAL", "Fagkveld" og "Karrieredag" her på bloggen, og til facebooksida vår, for meir informasjon.

Dersom du er fagleg interessert og vil bli betre kjent med både faget ditt og instituttet, er nok dette noko for deg. Ideelt sett vil vi ha folk på bachelornivå, altså 1., 2. eller 3. årsstudentar, sånn at du kan vere med ei stund, men alle interesserte er velkomne til å søkje. Om du går allmenn litteratur eller nordisk speler inga rolle. Hovudsaken er at du er motivert, engasjert og villig til å ta i eit tak.

Send ein e-post der du skriv litt om deg sjølv, til dømes kva du studerer, kva for planar du har framover og eventuelle tidlegare verv du har hatt, til final@list.stud.ntnu.no.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar