Vi i
Fagutvalet ved INL(FINAL) søkjer to nye medlemmar som vil vere med å lage eit
betre fagleg og sosialt miljø på instituttet. Arbeidet vårt går i all hovudsak
ut på å arrangere faglege tilstellingar, deriblant karrieredag og såkalla
fagkveldar, for å betre samhaldet på instituttet. Karrieredagen steller vi i
stand tidleg i vårsemesteret kvart år, og målet med dagen er naturleg nok å
orientere studentar om kva for karrierar dei er kvalifiserte for etter at dei
er ferdige med utdanninga si. Brorparten av arbeidet går likevel med til
fagkveldane, som er arrangement der vi inviterer føredragshaldarar til å prate
om språklege og/eller litterære tema i ein sosial, populærvitskapleg setting, kor
både tilsette og studentar deltek. Dermed fungerer vi som eit bindeledd mellom
studentane og dei tilsette. I tillegg jubilerer vi til hausten, og tenkjer
derfor å stelle i stand ei feiring av oss sjølve. Kva form dette vil ta er enno
ikkje avgjort, men stas blir det likevel.
Vi refererer til "Om FINAL", "Fagkveld" og
"Karrieredag" her på bloggen, og til facebooksida vår for meir
informasjon.
Dersom du
er fagleg interessert og vil bli betre kjent med både faget ditt og
instituttet, er nok dette noko for deg. Ideelt sett vil vi ha folk på
bachelornivå, altså 2. eller 3. årsstudentar, sånn at du kan vere med ei stund,
men alle interesserte er velkomne til å søkje. Om du går allmenn litteratur
eller nordisk speler inga rolle. Hovudsaken er at du er motivert, engasjert og
villig til å ta i eit tak.
Send ein e-post der du skriv litt om deg sjølv, til dømes kva du studerer, kva for planar du har framover og eventuelle tidlegare verv du har hatt, til final@list.stud.ntnu.no. Søknadsfristen
er 17. mai.
Venleg
helsing
FINAL
FINAL