Formannskapet i Trondheim kommune gjev 260 000 kroner til forprosjektet for litteraturhus i Trondheim, ifylgje nettstaden til kommunen. Mellom andre Trøndersk Forfattarlag, Norsk Forfattarsentrum Midt-Noreg og Trondheim Folkebibliotek samarbeider om å etablera eit litteraturhus i Trondheim, etter inspirasjon frå dei tilsvarande institusjonane i Oslo og Bergen. Forprosjektet munnar ut i ein rapport som skal vera klar neste haust, og det ser altså ut til at kommunen er særs positivt innstilt til arbeidet det litterære miljøet i Trondheim held på med.
Er du litterært interessert og held til i Trondheim? Meld deg inn i Facebook-gruppa for Trondheim litteraturhus, og fylg med på kva som skjer.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar