torsdag 27. september 2012

Jubileum


FINAL går no inn i sitt femte år, noko vi meiner bør feirast! Vi vil difor invitere til ein ekstra staseleg fagkveld på Tulla Fisher torsdag 18. oktober.

Professor Gunnar Foss vil halde innlegg, det same vil stipendiatane Frode Boasson og Leiv Inge Aa. Tidlegare masterstudent Kristin Fridtun vil atter ein gong leike med ord, i tillegg vert det musikalske innslag av studentar ved INL.

Festfagkvelden startar kl 19:00.

VELKOMEN!! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar