Studentmållaget i Nidaros arrangerer nynorskkurs med Kristin Fridtun på Dragvoll onsdag 2.april klokka 17.00. Me skal vere på rom D150 på 6B. Kurset er ope for alle, men er ekstra nyttig for nordisk-og lektorstudentar. Kristin har halde mange nynorskkurs før, tok master i nordisk ved NTNU for nokre år sida, laga nettkurs i nynorsk for NTNU medan ho tok masteren, og gav i fjor ut boka "Nynorsk for dumskallar". Det er altså ein ekte ekspert som kjem, så folk bør nytte høvet til å friske opp nynorskkunnskapane før eksamen står for tur!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar