FINAL ønsker å informere om litterær salong med Carl-Frode Tiller i Rådhussalen på Hovedbiblioteket, 2.september klokka 19:30-21:00. Inngang kr. 100/50 + billettavgift på 20/15.
I høst kommer Carl-Frode Tillers tredje bok "Innsirkling 3" og forlaget skriver; "Med den siste boka er eit storverk i norsk litteratur fullført. I tre bøker har Carl Frode Tiller sirkla inn ein mann som ikkje veit kven han er, og dei som har skrive til han. Gjennom ei rekke røntgenblikk på det psykologiske spelet mellom menneske, på ulike tiår og miljø, har Tiller skapt eit usedvanleg rikt og komplekst eventyr om det moderne Norge. Den siste brikka gir ikkje berre svaret - den vil også snu opp ned på alt du trudde du visste om David."
Mer informasjon om arrangementet finnes her.
torsdag 28. august 2014
mandag 11. august 2014
"Kræsjkurs" i trøndersk og anna dialektsnakk
Oppstarten til eit nytt semester er i gang og Fagutvalet synast det er kjekt å kunne opne med ein fagkveld. Nye og gamle studentar er hjarteleg velkomne til ein dialektprega kveld på Tulla Fischer (i kjellaren), torsdag 21. august kl. 19.00.
Innleiar og fagmann for kvelden er Tor Erik Jenstad.
Jenstad er språkforskar og forfattar, og mellom anna redaktør for Norsk Ordbok 2014 og konsulent i Stadnamntenesta for Midt-Noreg. Han blir stadig henta inn som ekspert i "Språkteigen" på NRK P2, og kvar onsdag svarar han på spørsmål i NRK-Trøndelag sitt dialektmagasin "Sei det".
På fagkveld med Tor Erik Jenstad vil du få mogelegheit til å lære meir om talemålet i studiebyen din og områda rundt, og du vil óg kunne stille spørsmål om andre dialektar. Møt gjerne opp med eit par ord og omgrep frå di eiga dialekt du kan tenkje deg å vite meir om. Mogeleg får du høyre om både betydninga og opphavet til dei.
Fagkvelden er eit opent arrangement med gratis inngang.
Vel møtt! Beste helsing FINAL.

Abonner på:
Kommentarer (Atom)