Oppstarten til eit nytt semester er i gang og Fagutvalet synast det er kjekt å kunne opne med ein fagkveld. Nye og gamle studentar er hjarteleg velkomne til ein dialektprega kveld på Tulla Fischer (i kjellaren), torsdag 21. august kl. 19.00.
Innleiar og fagmann for kvelden er Tor Erik Jenstad.
Jenstad er språkforskar og forfattar, og mellom anna redaktør for Norsk Ordbok 2014 og konsulent i Stadnamntenesta for Midt-Noreg. Han blir stadig henta inn som ekspert i "Språkteigen" på NRK P2, og kvar onsdag svarar han på spørsmål i NRK-Trøndelag sitt dialektmagasin "Sei det".
På fagkveld med Tor Erik Jenstad vil du få mogelegheit til å lære meir om talemålet i studiebyen din og områda rundt, og du vil óg kunne stille spørsmål om andre dialektar. Møt gjerne opp med eit par ord og omgrep frå di eiga dialekt du kan tenkje deg å vite meir om. Mogeleg får du høyre om både betydninga og opphavet til dei.
Fagkvelden er eit opent arrangement med gratis inngang.
Vel møtt! Beste helsing FINAL.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar