onsdag 15. oktober 2014

FAGKVELD

Islendingesagaer og sagaomsetjing

  gamal litteratur i moderne språkdrakt, no tilgjengeleg for nye lesarar



I høve eit større omsetjingsprosjekt av islendingesagaene som nett har vorte avslutta inviterer fagutvalet til sagakveld. For første gong har alle dei 40 islendingesagaene vorte omsette frå gamalislandsk/norrønt til moderne skandinavisk. Resultatet er «Islendingesagaene – samtlige sagaer og førtini tætter», ei samling på fem bind. I alt 19 omsetjarar har vore involverte i arbeidet med den norske utgåva, i tillegg til språkkonsulentane Roy Jacobsen og Edvard Hoem. Føreordet er skrive av Kong Harald.

Kveldens innleiarar er to av omsetjarane som har vore involverte i prosjektet. Professor Jan Ragnar Hagland og postdoktor Ivar Berg, begge knytte til Institutt for språk og litteratur (ISL), vil dele sine erfaringar frå omsetjingsarbeidet.

Fagkvelden finn stad tysdag 28. oktober, kl. 19.00 i kjellaren på Kieglekroa. Dette er eit opent arrangement med gratis inngang.


Velkomen!

Beste helsing FINAL.


Grette Åsmundsson             Egil Skallagrimson

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar